Mirakelet i Moldova
06. mars på Vicen
På Doc Lounge i mars viser me ein av dei sterkaste norske dokumentarane det siste året, og får høyre historien bak filmen direkte frå dei involverte.
Rakk du ikkje sjå filmen i haust, har du sjansen no! ”Mirakelet i Moldova” fekk pris for både beste vestlandske langfilm og talentprisen til fotograf Arne Daniel Haldorsen under BIFF. Den vart også svært godt motteken under verdas største dokumetarfilmfestival, IDFA, i haust.
Til Doc Lounge kjem både hovudperson Hans Bjørn Bakketeig og regissør Stian Indrevoll for å fortelje om filmen og svare på spørsmål.
I snart 20 år har optikar Hans Bjørn Bakketeig frå Os jobba for å gje folk i Moldova betre syn. Som den einaste optikaren i landet har han hjelpt tusenvis av menneske til eit betre liv i eit land der synshemming vert sett på som eit større handikap. I filmen får me vere med Hans Bjørn og medarbeidar Tatiana Ghidirimshei på reis rundtom i Moldova med mål om å gje innbyggjarane synet tilbake. Men i eit land med mykje korrupsjon og eit ustabilt politisk klima, må det kanskje eit mirakel til for at Hans Bjørn skal få hjelpe flest mogleg.
På Victoria kan du denne tysdagen altså sjå film frå ein digg sofa, ta deg eit glas og småprate med både ein optikarhelt og ein prisvinnande regissør. Blir ikkje betre enn det.
Filmen startar klokka 19:30 presis.
CC: 60/80kr