Doc Lounge Bergen
Past5/122017

See You In Chechnya

Alexander Kvatashidze, 69 min, Georgia, Germany, EstoniaFrance, 2016

SYIC_Trailer_2016 from Kinoport Film on Vimeo.

See You In Chechnya

Kva får fotografar og journalistar til å risikere livet for å dekke konflikt og ekstreme situasjonar?

Vi viser filmen See You In Chechnya der regissør Alex Kvatashidze fortel om krig som det største eventyret. Samtidig spør han «kva er det som får folk til å reise i ein krig som ikkje er deira eigen?».

På årets siste Doclounge kjem Kyrre Lien og Anders Hereid. Dei har erfaring med å rapportere frå utsette område, og vi stiller dei det same spørsmålet.

I ein alder av 27 år har Kyrre Lien allerede rokke å få internasjonal merksemd. Han har mellom anna dekka uro i Gaza, Ukraina, Myanmar, Tyrkia osv. I 2014 vann han prisen Årets bilete for “Utsikt” - eit bilete frå krigsherjingene i Gaza.

Anders Hereid er ein erfaren dokumentarfotograf og regissør. For tida jobbar han med ein serie, der han har fulgt utanriksmedarbeidarane i TV2 i over eit år. Han har også meir enn ti års erfaring som utanriksfotograf.

Dei gode stolane på Victoria står klare, og programmet byrjar klokka 19 presis.

Inngang: 80 / student 60